tirsdag 30. april 2013

Vårsang

eg dansar i kroppen
til lyden av glea
som stig frå
djupt neri
jorda og heilt opp
i  toppen
av trea

eg dansar dansen
og blir dansa
av dansen
mjukt leande
lett og bevande

eg eg eg eg
dansar 
eg eg eg eg
ler
eg eg eg eg
dansar
og
eg ler
ler ler
ler
mens våren
gjer resten
og kler 
seg opp
til sumars
festen


eg eg eg eg
seier eg
fleire gonger
som hakk i ei
plate
svingar meg
fleire gonger
rundt og
mumsar på
svart
kokande
sjokolate










Kjalle Bing

Kjalle bing
trøskar i heium
på jakt efte
matbeta
og snoffle
like greit
å
like godt
på ein gåmall
skrott
som han
byrje
smågnaske


Kjalle bing
metta seg
i hugen
og byrja sulle
slik dei
sullar i
heium
efter eit
betre
målti

kan hende
med grilla kjøt
eller også
sprellande
fisk frå elva

og sånn
går dagane
mens tia renn ut
før ho byrje
snu å renn inn
att same
vegen som a
kom

og i heium
trøskar Kjalle bing
på veg mot
hytta si i lia
der han dyrke
sola og snakka
med dyra
som bur unne
og oppå
hytta hasses

og meir
var det ikkje
å fortelje
denne gongen
men mohende
om du kjem
att så har
eg ei ny
forteljing klar





lørdag 20. april 2013

:T:h:e: n:e:w: t:i:m:e:s:

a brand new day
has arrived
in the hour
of man
like a jack
in the box
or a spook
in the loft

to rid man
of their burdens
by tipping
them over
just enough
to make
that mighty
cup
spill drops
of pain
and sorrow
unto sacred
grounds
where these awefully mysterious
flowers grow
in a splendid
sun

i once picked
such an beauty
and gave it a vase
to drink from
but it wanted
my tears

so i cried
almost every day
to feed my little
thirsty flower
tears of
joy and *dismay

*(this May)