søndag 13. mars 2016

stjålne blikk

Ho hadde sin
eigen sjarm
sin eigen
karakter
og stil
men blikket
hennar
var stjåle

det hadde ho
teke frå ein
som hadde
festa det på
henne
i forbi
farten


og rett som
det var 
sende ho
stjålne blikk
på folk
og dyr
i nærleiken


ei gong kasta
ho eit stjåle
blikk på
ein politimann

men
det skulle ho
nok ikkje ha gjort


ho hadde
slike evner

arva etter
si bestemor
som var av
trollslekta
lik hennar
oldemødre

før henne
igjen

når ho kikka
seg i speilet
såg ho långt
tilbake
i tid
på adle
som

hadde sett
det ho såg
med sine
heilt eigne
auge


hennar heilt eigne
blågrønne auge kunne
ho gjøyme
bak ein annans
stjålne blikk
og det var
aldri godt
å vete
kven sine
auge ho
såg med


folk
blei usikkre
når ho kikka
på dei
med hennar
stjålne blikk
men det morra
ho seg med
og lo av
lik ein
barnehage
unge

ho kunne
le slik
at tårene
byrja å
trille
 eller slik
at snømassar
løysna
frå bratte
fjellsider
og rasa
nedover
med fryktinngytande
kraft