tirsdag 28. juni 2016

Glemselens pris

Når det er sommar visar naturen seg på sitt aller vakraste og på sitt aller grusomste.
Sommaren er naturens eigen ekstremsport øvelse med store og små som deltakarar.
Kvar vinter gler eg meg til vår og sommar,fordi eg gløymer kor intenst og sterkt alt vert på denne tia av året,når livet er vendt attende for å leve mest mogleg så lenge det varar.
Derfor skriv eg det ner no,så kan eg lese dette om vintaren,når eg lengtar til sommaren igjen i gløymsje.
Vintaren er fred og ro i verden.folk har nok med å halde varmen.
Vintaren er sjelas tid,og det indre livets leikeplass.
Om sommaren og våren våknar mykje godt og fint opp igjen frå vintarsvevnen,men f... så mykje drit som følgjer med.
Om eg berre hugsar alt det vonde som hender kvar sommar,så vil eg kunne nyte vintaren i ro og kvile i meg sjølve.

Sommaren og våren er eit narrespel for alle sansar.Ja,også dei som eg ikkje trudde at eg hadde.
Ei fluge følgjer med på meg,og når eg slepp guarden og somnar litt,set ho seg på pannen min.
Eg viftar ho vekk.Eg somnar lett som ei fjør,men så set flua seg på pannen min,igjen.
Eg viftar ho vekk,og no er eg sint.
Eg får fred ei lang stund,og lik eit lauv i vinden,svinn eg hen i draumen,og flua set seg på pannen i same augneblink.Eg kjenner at noko ondt i meg vaknar til.
Horn kjem fram på panna no,og augnene vert raude av flammande sinne.
Og slik går dagane om sommaren.Fluga og meg.Og sola og skyene og det merkelege skiftande dimensjonen av fargar og lydar som  me bur inni.
Høyr kor det knakar i veggum,nær sola kjem å går.
Høyr Mor.

Kvifor fluga set seg på pannen i same augneblink som eg somnar ?
Ho ser at eg brått vert forsvarslaus,og nyttar anledningen til å varme seg og ete daude hudceller.
Har sett det mange gonger.Har eg begge hendene opptatt,set ei flue seg på pannen min,eller på nasen.
Men aldri ellers.Så lenge hendene mine er fri er eg ein trussel mot livet rundt meg.
Men i same stund som hendene mine er opptekne,ser fluga eit forsvarslaust kjøtstykkje ho kan kose seg på.

Dei er ikkje mine favoritt insekt.Flugene.
Eg får av og til syner av sveltande born i afrika med fluger i augene og i munnen,og over heile seg.
Då er det ofte at eg vert så sint inne i meg,at mordaren kjem fram og vil slå ner på livet.







lørdag 25. juni 2016

Trollsommer 2016

Sola vekker trollet
trollet vekker
hanen
som vekker
høna
og hunden
til bonden
som kjefter

likt hunden
når den
bjeffer
at det heile
vert absurd

men slik er det no
eingong

det er jo sommar
og trolla har aldri
før hatt det så
travelt med å
mane skyene
fram
for å få ly
frå det brennande
ljoset på
himmelkvelven


 













søndag 12. juni 2016

A feast of fairies in celebration of the spiritworld

a feast of fairies in celebration of the spiritworld

just a glimpse
a dream like vision
teeming
with life
so
beautifully
simple
that my
complexity
dissolved
in childlike
joy