torsdag 29. desember 2016

Kor mykje/how møtch

Det er ikkje alt som er like morosamt.Enkelte ting er berre halvparten så morosamt,eller berre såvidt.
Men nokre gonger er ein vits like morosam som den neste,eller kanhende også meir.
Det er ikkje alt som er like trist heller.Nokre ting kan være heilt forferdeleg,mens andre ting igjen ikkje får fram tårene,men berre eit sukk eller to.
Alt kan målast og alt kan veiast.Ein har timar dagar veker og år på å finne ut av kor mykje eller kor lite som skal til,og kor longt det kan strekkjast før det heile ryk med eit smell.
Dansar eg,er rommet i bevegelse,føtene har nok med golvet,og musikken spelar av seg sjølve.
Augnene mine.Desse speila i toppen,med utsikt over nasen,og havet neanfor.
Kulene som trillar rundt i sine eigne basseng av saltvatn.Augneballane eg gnikkar å gnir i spegelen.
Eg stirrar framfor meg med mitt augekamera og  filmar den verda eg lever i.
Orda eg les,vert tekne opp på bånd,og samla i store boksar eg har på eige lager i min underbevisste verden som er eit einaste stort bibliotek, med ei lita krypdør heilt bakarst, som leiar inn i eit endå større bibliotek med glasstak,slik at ein kan sjå stjernene,sola,skyene som seglar over himmelen,og ein og anna båt.
Nei vær glad at alt ikkje er like morosamt,eller like trist.Det hadde vore veldig kjedelig i lengda,og gitt ein følelsen av å ha møtt seg sjølve i døra eller i veggen. Om ein møter seg sjølve i døra,bør ein helse og ikkje berre late som ingenting.
Det er ikkje kva dag ein møter seg sjølve i døra,men når det hender skal ein  akte seg og ikkje ferdast framåt i svime.
Observer ditt vesen,når du står der framføre deg sjølve,og test med ein variasjon av øvelsar.Veive eine armen,hev eine augnebrynet,og vri hovudet fyrst til den eine sia,og så til den andre.
Sjå om din dobbel gjer det same,for om så er,kan du berre slappe av.
Verre vil eg sei det vert,om din dobbel ikkje greier å fylgje deg,og visar teikn som ikkje stemmer overeins med dei du helst vil sjå.
Då har du med noko å gjere,som eg ikkje ennå vågar å nemne med ord.Du bør vurdere å ringje presten.Kan hende ein dokter som har sterke nervemedisinar.
(berre tullar)
Den kvelden du møter deg sjølve i døra,eller kan hende dagen,skal du ikkje være redd,men glad for at det finst andre som er så like deg,og frydast ved dette.Ikkje uroas,eller flykte frå hendinga,lik ein redd fugle unge,eller kan hende også eit ekorn.
Der ute finst din dobbeltgjengar,og ventar på dagen då du og han skal møtast i døra,og verta eins att.
Eg kan love deg ein opplevelse utanfor det du til no har opplevd.Eit lite mirakel i eit miniatyr univers og tilbake att same veg.