søndag 2. juli 2017

Nöcken

Ho snuffla innover i heia
førd  avgarde av
ei kjensle
som berre vaks
jo nærare ho kom
det vesle
tjernet
kransa med
kvite
vassliljer


ho satte seg
ner på
huk og
stirra ner
i det grøne
djupet
som synast
å skjelve
av noko
under
overflata
der ho
skimta
små blenkande
ljos
av og på
og av igjen
før dei
startar ein ny
sekvens

ei djup brummande
tone tiltek i styrke
og sakkar av
igjen
og brått
får ho
lyst å snu
å  småspringje
heim att
men kroppen
er som teipa
fast i lufta
og ho kan
ikkje anna
en å måpe
når skapninga
under vatnet
dukkar opp
snur seg
på umulege
vis og berre
forsvinn foran
augene hennar
med eit søkk
før ho rekk
å bli forskrekka

(( schvuppps ))

kva var det ho såg
kva var det ho
høyrde ?

himmelen rumla
og vinden
bøygde  trea
til sies
då noko
tok avgarde
i høg fart

kan hende
nokon som
brått fekk lyst
å vende heim
att

kven veit
kva det
var ho
kjende
og kva det
var
det ho båe
såg
å høyrde


var det berre
ein
draum
ho ikkje
kunne skjelne
mellom
det kjende
og det ukjende

var
det verkeleg
berre
ein draum
at ho var våken
då ho såg
å høyrde
det ho
gjorde
i skumringa
ved det
vesle tjernet