Ei øskje
utan lokk
står igjen
i skogen
&
det som
var i øskja
er ikkje der
lenger
men oppe i trea
i sjøar å vatten
i vindane
under jorda
i lommane på smårollingar
og i sangen til fogglen
på solmoge korn
ja øveralt
merkar ein
at noko
er på ferde
utan at
ein kan setje
fingen på det
og sei: DER!
eller HER!
Og den som opna
denne øskja
kor er vel ho
eller var det han?
ja kven var det
som sette dette
i gang?
ein lurendreiar
utan namn?
ei nysgjerrig trollkvinne
eller
sogar
ein trollmann?
mohende
mohende
ein blanding
av båe
eit vesen
med to håve
som aldri
einast
om kven
som skal
skrike
og kven som
skal
skråle
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar