lørdag 4. mai 2013

Kritiker rosa

Den vakraste  av dei
alle
er denne
djup raud-lilla
kritiker rosa

ho får sjølv
den mest
utskjelte
til å føle
seg 
elska

ho står
der i sitt
gilde
bed og
ventar at
ein utøvande artist
skal overbevise
eit eller anna
med sine
kunster



ho teier inkje
om det ho veit
kritiker rosa
men skjønnheten
kan ho 
teie om

den snakkar
for seg
sitt eige språk
som berre
auga forstår
seg på
og sjela
som bur
inni der
ein stad
svømmande
kanskje
utan hender
men med
finner
og hale







Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar