torsdag 26. september 2013

vind auget

Ho opna vind
auget
og såg på
hatten min
så den løysna
frå skallen
og flaug
sin veg

så såg ho
på trea

snart byrja
dei å bøya å tøya
seg i mellom

ho vende seg
mot sjøen å myste
på den blanke
overflata til
den byrja
skumma å
fråda

så vende
ho blikket mot
himmelen
og freista ein
omstreifande skydott til den
vart lei
og løyste
seg opp

ho lo
med seg sjølve
og av seg sjølve
så lukka
ho vind auget
att
og kvilte







mandag 2. september 2013

hovudet

Han fekk seg
sjølve i
hauvudet
ein dag
og takka
og bukka
for glea
var stor
må vete

før var det
at han fekk
yskjer og
nips i hauvudet
når han dreiv
å kava
men so
opna ikkje himmelkvelvet
seg eller lyn
flerra opp natta
for det var
midt på dagen
og fuglane
plystra
då det
hende

les gjerne omatt
frå begynnelsen
visst du ikkje
fekk med deg
at det var
om dagen