torsdag 6. november 2014

Verda O

Verda er inkje sleg me førestille øss
den har si eiga førestilling
som den ynskjer å leve ut

me kan søkje påverke
verda med våre sterke fantasiar
og ynskjer

men ho har si

eiga sterke fantasi
og like sterke ynskjer

og vil fortsette å

le godsleg av våre

alvorlege planar

og seriøse prosjekt


verda er ei ånd

ei særs gammal ånd

og  dreven i faget

der

skapelse og øydeleggjelse

står konstant

på menyen

lik suppe

gjer det på

eit suppe

kjøkken


verda er rund

auge som ser verda

månen &  sola som skin

ner frå himmelen

er også runde

eg  rundar av med

ein sang om

ballen

hjulet

og såpeboble Bob

som eigentleg

heitte Lars-Anton

men det var det

ikkje mange som visste


dei få som gjorde det

var no blant statuar på museum

og ein sjeldan gong

blant ukjende folk

på eldgamle fotografi

frå den gongen

det smalt fælt

og blinka ennå verre

når ein knipsa

bilder

  O






















Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar