lørdag 21. februar 2015

freistaren

han freista henne
med ein fristande
stemme
og baud 
både
eple og bær

han fortrylla
henne med magiske
krefter og andre  spesial
effekter
og sende
Amors  piler
ner
frå himmelen
lik  ein 
englars  hær

&


når ho trudde at
ho var aleine
så var han der
og når ho trudde
at han var der
så var ho aleine
med han
og englane
som priser
skaperen i paradis
med
sang

men også dei skjønne demonane
og dei yndege trolla var der
når det passa seg
slik

og det hende jo
at det gjorde


men sjeldan
på same tid


mest lik stormar
og uver
 når dei kjem
over landet
og testar naken mann
å kvinne
 og lærer  dei
((i nauden))
((att spinne))













Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar