fredag 23. oktober 2015

Trusa

Han drog den tronge
trusa heilt
opp av skuffa
og sa til
den:

du passar best i søplekorga
og skaut ho
lik ein strikk
rett opp i  søplekorga
som kveltra
over ende
så adle trusene
velta ut

tronge truser
som ikkje
lengre passa
andre
stader

han lo for
seg sjølve
men hugsa
å le for adle
dei som ikkje
såg det morosame
slik han såg
det
og lo
litt ekstra
ifall
nokon
han hadde
gløymd


(det er fort gjort)







Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar