torsdag 7. juli 2016

sannhetens prins

Han var ein lygnar og treivst med å fortelle skrøner om seg sjølve og verda rundt seg.
Ikkje mange trudde på han sjølvsagt,men det brydde han seg mindre om,for han levde seg slik inn i fantasiane sine, at for han var dei sjølve livet.Og slik levde han,og slik døyde han.Men han sverga ved dette:At om han fant vegen attende til dei levandes verden,skulle han ta kontakt via eit spiritistisk medium,og fortsette lygnene sine frå den andre sia.
Og så.Ein varm dag i juni,sit ein eldre herre og slumrar i ettermiddagssola då kroppen hans plutseleg rykkjer til som av elektrisk straum.Augnene han vert svarte som kol,og når han opnar munnen for å seie noko,er det eine lygna etter den andre  som flyg ut or han,lik flaggermus og kråker.
Ja,heile lufta vert stinn av flaksande vesen som synast å varte opp om lygna som blir servert.
"Kven er du",spør den eldre herren seg sjølve foran speilet,og kjenner at ansiktsmusklane byrjar endrar fasong.Då ser han med eit for seg,kven det er.Det er sjølvaste lygnaren.Forfalskaren av sannheten,og fordreiaren av det me kjenner som virkeligheten."In your face" seier ein stemme,og han kjenner at latteren er på vei.Ikkje ein slik latter han kjenner som sin eigen.Men han ler,og det er ein slik rå og befriande latter at han må slå seg på låret og trampe i golvet.
Frå no av skal du følgje godt med i timane,var beskjeden han fekk.Og dagane som fulgte hadde fleire vitjingar frå den andre sia.Lygna var aldri langt vekke,kjende han,og rett som det var,tok han seg i å lyge for folk som ringte til han,eller dei han traff i butikken.




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar