han stod der
han pleide å stå
og sat
der han
pleide
å sitte
han åt
det han pleide
å ete
å drakk
det han
pleide å
drikke
og når
han sov om
natta
var det
der han
pleide
å somne
og når han
våkna
om morgonen
var det
akkurat der
han la
seg om
kvelden
men av og til
hendte det
at han satte
maten i halsen
bomma på stolen
sovna
og våkna
på sofaen
og drakk
noko som han
slett
ikkje hadde
drukke før
og slik
gjekk dagane
vekene
månane
og åra
lik ein følgjetong
på fjernsynet
heilt
utan avbrot
frå dagsrevy
og sport
slik det
pleier
å vere
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar