mandag 24. september 2012

idear

Dei gode
ideane kom ikkje
fram så han gjekk
til dei som veit
og ba om råd
men dei var
ikkje heime
då han kom
slentrande
oppover
dalsia
med lua
i baklomma

på ein solvarm stein
sat  han seg
ner og venta
på at
dei som visste
skulle kome
heim

kveld blei
til natt og
like snart
kom dagen
att
kjende han seg
både trøtt
og matt
så han somna
der han såt
og draumar
kom
ein etter
ein kom dei
og han både
nikka og lo
der han låg
å rulla med
augeballane
bak
attlukka
augelokk

seinare
våkna han
så gild
i bringa
og byrja
syngja
og sulla
medan
kveldsola
gjorde sine
siste gyldne
pensels
strøk
i kinna

han tok
lua på
og vandra
heimover
att
med draumane
hengjande etter seg
som eit
brudeslør

snart
sat han
bak skrivemaskina
og skreiv
om alt han
visste
og det han
ikkje ennå
hadde fått å vete
lar han
fantasien
utfylle
med bregner
tistler
grantre
ekorn
maur
sopp
& sauelort















Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar