Hauvudet dirra
og sang
på høge
ringande
tonar
veggen mellom verdnane
skalv og revna
og snart
vart han trekkt
hinsies
til den
andre verda
der fekk han
å sjå
og kjenne
på det
som er
annleies
og det
var so mykje
av allskens
både skjønt
og utfordrande
at minutt
blei snart til
timar
og då var
det at han
ville tilbake
men vegen
tilbake
den fann
han ikkje
så lett
og han
famla og
kava
som i lause
lufta
etter
kroppen
og jorda
som han
ikkje ville
gje slepp
på
ennå
omsider
var han tilbake
att i seg sjølve
og kunne
kjenne på
livet som
for fysste
gong
fylld av
nåde og
heilag
ande
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar