Ho var ikkje slik me kjende henne
men slik ho sjølv kjende seg best
og det uroa sjølvsagt nokon å einkvann
slik vinden av å til
uroar graset
eller det nygredde håret
på ein fornem
frue
eller også
herremann
ho visste kva dei
tenkte å så
gjorde ho motsatt
berre for å erte
litt og kan hende
tipse dei om
at ho sansa
kva dei lurte på
i hemmelege stunder
for henne var
ingenting skjult
& ingenting gøymt
når nokon hadde gøymt noko
ekstra godt
som dei ikkje ynskja
at ho skulle sjå
blei det hemmelige
berre
endå tydeligare
for henne
og ho skjøna
at det var noko
der som ville bli
oppdaga men
at det var så hemmeleg
at dei som gøymde
på dette
ikkje eingong sjølv
lenger heilt hugsa
kva det var
så ho hugsa
for dei
utan å sei eit
ord om det ho
såg
men fjorten
eller fleir
for det var ikkje alt
som kunne seiast
med få ord
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar