Du ska lya din Gud
å itje fær me lygn
å dei skitne skonå
ta dei av
føre du
byr deg fram
åt ho som
skin i det
høgaste
høyr buda frå
herrens
englar når
deira gyldne basunar
let
å kvikk deg
no
opp i andi
for den som vitjar
i augneblinken
er stor
og endå større
en du evna
å tru
lya din Gud
lyder englanes
bud
lya din Gud
å ikkje vend
deg om eller
snu
når ho kallar
deg Ove,Kjell-inge,Beatrice
eller Åker-Knud
opne deg åt herrens herlegdomar
og ta del i himmeriket ho lova
for er det ikkje både skrive og sunge
at den som gjer rom skal sjølv
rommast
å finne seg sjølv
til rette i para diset ?
kan hende
du tenkjer eg er galen
sjuk eller også rusa på illegal narkotika
men det har inga effekt
på meg
kan hende du tenkjer eg er homo
eller at eg ikkje er det no
men var det før
eller omvendt
men det har heller inga
effekt på meg slik
eg er
mitt snåle sinn forblir
uberørt av tvilens nag & tvangens ildske tenger
hjå meg får dei inga tak over seg
& ingen velredde senger
for så mykje elska herren deg/oss
at han let kvar mann og kvar
kvinne ha sine eigne
tankar og meiningar
om dei så måtte væra
aldri saa
upassande for andre
tenkande og deira
tankegods
så mykje elska herren deg
at han let øyro dine være
som vinger i vinden
og nasen
lik
ei hytte med to
hål
der det
bur like mange busemenn
så tok han rotta på meg
men den var ikkje svolten
og somna på fanget mitt
medan eg strauk ho
forsiktig på
ryggen
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar