eg dansar med den galne
hit og dit på golvet
med armane
tett rundt kvarandre
lik eit kjærestepar
plutseleg stansar musikken
men den galne
stansar ikkje
å spinn meg vidare
inn i ein sinnesjuk boogey
eg har vanskar med å
laus rive meg frå
den galne festar
dei store galne
augene i meg
og hypnotiserar
meg mens me
snurrar over golvet
frå den eine
enden til
den andre
og opp å ner
i eit halsbrekkande
og nervepirrande
tempo som
tek heile pusten frå meg
å forstanden
ja også den
den galne skrik
og brølar og slår seg på
brystet som ein
gorilla
men det har eg sett før
så byrjar han
å lage nokre forpinte
hyl med munnen
sammenklemt mellom
to knyttede never
og eg vert heilt
satt ut
dette har eg aldri
sett før
og så i overraskelsens
såpeglatte moment
kastar den galne
eit ullteppe over meg
og der tar
fortellingen
slutt.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar