torsdag 7. august 2014

sjå mor!

sjå mor

eg står på hendene!

sjå mor

eg dansar

disco!


sjå mor

eg kan gå

baklengs

og sidelengs

ja berre sjå !


sjå mor

eg kan

MOR!

følg med

sjå når eg svingar

meg rundt

lik ein sulletopp

sjå!


au !

mor !

eg slo meg

på kneet

det gjekk så fort

mor

du skulle ha

bremsa meg

kvifor

bremsa du meg ikkje

mor?


nokre gonger

følar eg at du ikkje bryr deg

om meg

mor

mens andre gonger

følar eg at du bryr

deg for mykje

om meg

men midt i mellom

der ein stad

er alt som det

skal vær

mor


men sjå mor

sjå !

eg kan løfte heile

verda om eg vil

sjå kor lett

eg løftar denne steinen

her


sjå mor på meg

når eg visar deg kor

stor eg er blitt

sjå

eg når taket

i himmelen

og

au!


eg fekk straum

i meg mor


kvifor er det straum
i himmel taket
mor?

du som veit

alt


hm?


kva sa du?


forbode å strekkje seg

inn i himmelen

for dei levande

seier du?

kvifor seier du dette mor ?


nokre gonger

kan ein verkeleg

byrje å lure

mens andre

gonger kan

ein gjere andre

ting

som ¨å rydde

å vaske opp



mor sjå

eg kan gjere

meg usynleg

....................!









Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar