Diktaren er
ikkje slik han
sjølv trur at
han er
diktaren
lar seg ikkje
lure av forestillingane
på
sylvlerretet
same kor mykje
skodespelaren
legg sjela
i rolla
si
diktaren klyp
seg sjølv
titt
i armen
og har blåmerke
å vise til
og det hender
jo at ein må
anten ein diktar
i holer i jorda
eller rett utav
det blå
diktaren
heftar seg ikkje
ved detaljar
men bygg
sine hus
på dei
lik fuglen
i sitt reir
diktaren søkjer¨
på djupet av
seg sjølve
for å finne
noko
han ikkje
har sagt
før
for diktaren
må ofte
møte seg sjølve
i si eiga
oppdikta
dør
diktaren let seg
ikkje hefte
ved detaljarne
men driv vidare
med vinden
lik ei fjør
i ørkenen
og let sand
i augene vere
sand og
ingenting anna
en sand
for
i skuggen av ein
gammal ruin
finn du diktaren
i sitt eige
dikt
på veg inn i
det ukjende
for å gløyme
alt han
har lært
og lære
det på
ny
igjen og
igjen
diktaren
vandrer¨
hand i hand
med sola
og kvar
stråle er fylld
av lyse
ord om
livet som
gror
men også
av det som
spirar
på vår
heilage
trillrunde
jord
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar